Øystein Wika, grunnleggjar/eiar

Øystein Wika

Email:
Tel.: +47 901 88 434
Twitter: @oysteinwika
Medium: @oysteinwika

Øystein beskriv seg sjølv som musikar/multimedieutviklar, og deler tida si 50/50 mellom musikkprosjekt og digitalt mediearbeid. Han er mest kjend for arbeidet sitt innan digital læring og utdanningsteknologi (EdTech), med 25+ års erfaring innan feltet. Han er utdanna innan musikkvitskap, og har undervist i musikkteori og elektrisk gitar i mange år. For tida jobbar Øystein med å kombinera musikklidenskapen sin med arbeidet sitt innan EdTech, og har eit par spennande applikasjonar for musikkstudentar og -elevar under utvikling.

Bakgrunn

I løpet av 1990-talet prøvde Øystein å få i gang ei musikkarriere, men jobba som frilans multimediautviklar og grafisk designer for å få endene til å møtast. Han hadde skrive og produsert litt musikk for ein ny norsk TV-kanal kalla ZTV, men med tilgang på avgrensa ressursar så han at det ville bli vanskeleg å fortsetja karrieren innan musikk. I 1995, samtidig med det framveksande World Wide Web, gikk han all-in på teknologi, og la musikkarriera til sides.

Til å byrja med designa han plakatar, katalogar, logoar og anna grafisk materiale for band, musikarar og artistar. Men han designa også nettsider og utvikla interaktive CD-ROM presentasjoner. Øystein var tidleg ute med å bruka Macromedia Director, som var det mest brukte forfattarverktøyet for å laga CD-ROM presentasjonar på den tida. Og ved å læra seg Lingo, eit internt skriptspråk i Director, oppdaga han ein ny liten applikasjon kalla FutureSplash (seinare omdøypt til Macromedia Flash) og ActionScript.

Flash-teknologi gjorde det mogleg å få CD-ROM-liknande applikasjonar på nett. På den tida var denne typen arbeid etterspurt, og førespurnadene om Flash-baserte nettsider sto i kø. På byrjinga av 2000-talet vart Øystein ein av Norges mest profilerte Flash-ekspertar og ein aktiv deltakar i utviklarmiljøet rundt Flash.

Sidan 2011 har Øystein tatt opp musikkarriera igjen og har bygd eit heimestudio der han komponerer og produserer musikk for sync lisensiering. I dag deler Øystein tida si 50/50 mellom musikkproduksjon og digitalt utviklingsarbeid.

Erfaring

2005 - nåtid
Multimediautviklar, Wika Media AS,
Utvikling og design innen digitale medier. Fokus på digitale læremiddel.
1995 - nåtid
Skriftdesignar, WikaType
Typografi, skriftdesign.
1993 - nåtid
Musikkprodusent, Wika Music
Plateselskap & musikkforlag. Komponering, innspeling, mixing, mastring som solo artist, og i samarbeid med andre låtskrivarar, band/artistar.
2004 - 2005
Senioringeniør, InterMedia/UiO
Applikasjonsutvikling og digital tilrettelegging for prosjektet Nasjonale prøver i matematikk.
1997 - 2004
Multimediautviklar/grafisk designar, freelance
Prosjekter: CD-ROM-utvikling. Platecover- og plakatdesign. ID-/merkevaredesign. Katalogdesign. Webutvikling og -design.
1988 - 1995
Musikar/musikkprodusent, freelance
1992 - 1995
Gitarlærar, Musikklinja ved Mosjøen vidaregåande skule
65% stilling som lærar på el-gitar.
1988 - 2003
Gitarlærar Freelance
Private gitartimar og musikkteorikurs. 150+ elevar totalt.

Utdanning

Jan/2001 - Jun/2003
BA i medievitenskap - UiO
Aug/1995 - Des/1995
Musikk storfag - UiO
Jan/1995 - Jun/1995
Ex.phil/Ex.fac, NTNU
Aug/1990 - Des/1994
BA i musikkvitenskap, NTNU